Lunde skule
 

Eventyrspel ved Vevatnet

Her er orkane klare til kamp!
I dag var det stor aktivitet i området ved Vevatnet og Vassbakken. Menneske, alvar, orkar og troll kjempa om å finna ein skatt, og seinare gjera ende på ein demon. Til disposisjon hadde dei sverd, magiske stokkar, ildkuler og andre skumle saker.
Elevane var inndelte i grupper og hadde ein vaksen med seg.  For å finna skatten,måtte dei kjøpa tips hos "Vandraren", og dei måtte samarbeida med andre grupper.

Etter at dei hadde funne skatten, måtte dei mana fram ein demon   som fanst saman med skatten, og for å få glede av skatten, måtte demonen overvinnast.

Med hjelp frå "Vandraren" og gjennom å samarbeida med trolla, utan å ha vonde tankar i hjarta, klarte dei å mana fram demonen og å ta frå han våpenet sitt.  Dette skjedde halvvegs inn mot To, og det vart svært spennande på slutten.  Kanskje litt for spennande for nokre av elevane.

Sindre Titlestad Westgård og Anders Riple, førskulelærar og allmennlærar, driv firmaet Tidsreiser.  Dei har spesialisert seg på eventyrspel.  Med seg har dei kostymer, sverd (mjuke), spesielle effektar og diverse magiske triks..  Dei  lagar starten på eit eventyr og så får eventyret utvikla seg på eiga hand. 

Dei to karane var svært flinke til å leika med og motivera elevane!  Elevane på si side såg ut til å kosa seg heile dagen!  Dei fleste var godt kledde, men vi såg også nokon som var litt dårleg kledde, og då blir det ikkje fullt så kjekt. 

Elevane  fekk vera aktive, dei fekk spela roller, dei var med og bestemte og dei måtte samarbeida med andre som i utgangspunktet var fiendar (t.d. trolla!!).   Her var mykje å læra og det var mykje å gjera!  Alt i alt ein svært vellukka dag!

De finn fleire bilete under BILETE, Eventyrspel, på framsida.
Trening med sverd.